Skjebnetid for Øystesevassdraget

Vern av Øystesevassdraget har vore diskutert i meir enn to tiår. I 2005 ba alle parti på Stortinget, bortsett frå Frp, om at regjeringar starta førebuande arbeid med sikte på å verna Øystesevassdraget. I 2008 kom Norges vassdrag og energidirektorat (NVE) med si vurdering: Vassdraget har kvalitetar som klart kvalifiserer til å vera ein del av Verneplanen for vassdrag. NVE argumenterte også for å verna heile vassdraget frå fjell til fjord, sidan Øystesevassdraget er ein type vassdrag som er lite representert i verneplanen.

I dag er situasjonen snudd på hovudet. Stortingsgruppa til Arbeiderpartiet på Stortinget går mot vern av vassdraget, og køyrer over Hordaland Ap. Ap får samstundes støtte av Høgre og Frp på Stortinget. Det betyr at det er fritt fram for utbygging, både av øvre og nedre del av vassdraget. (Kjelde: Bergens Tidende)

Vassdraget vart presentert i Hordaland Folkeblad