Fiske i Atlanterhavet

Vest for Irland, ikkje langt frå den vesle granittøya Rockall i Atlanterhavet, føregår det eit rikt kolmulefiske. Underteikna fekk vera med snurparen Teigenes ei veke i mars for å dokumentera fisket i eit vêr som varierte frå bris til sterk storm. Mannskapet fiska godt. Sjølv i storm var trålen ute. Etter få dagar var lasterommet fullt.

Publisert i Fiskeribladet i mars 2002.