Hardangerrådet trur den verdsomspennande organisasjonen for berekraftig småskalaproduksjon av kortreist mat, Slow food, kan opna nye mogelegheiter for dei mange små produsentane i Hardanger. Terra Madre og Salone del Gusto i Torino kunne visa fram ei imponerande breidde i småskala matprodusentar frå 150 land. Det store OL-anlegget frå 2006 var som ei stor maurtue av folk på jakt etter den gode smaken og matvarer produsert med tanke på kvalitet og berekraft.
Publisert i Hordaland Folkeblad 13.11.12