Hardingtonar er blitt ein viktig og stor kulturarena i Kvam. Utgangspunktet var komponisten Geirr Tveitt, som budde og arbeidde i Kvam i mange år. Festivalen har etter kvart utvikla seg til å bli eit årleg kulturelt høgdepunkt med stor breidde. Bergen filharmoniske orkester (BFO) kjem årvisst til musikkfestivalen. Det gjer også store artistar på mange ulike musikalske felt. Som samiske Mari Boine.