Ei av dei faste utstillingane på Hardanger folkemuseum på Utne omfattar ei unik samling gamle hardingfeler, truleg den mest komplette samlinga i landet. Her finn ein mellom anna feler laga av felemakarane Isak Nilsen Skaar (1663-1759) og sonen Trond Isaksen Flatabø (1713-1772) frå Botnen i Fyksesund.
Fotografert på oppdrag frå Kvam herad. Bileta er mellom anna brukt i bøker og på ei utstilling under musikkfestivalen Hardingtonar i 2014.