Finn deg sjølv i Hardanger

Hardanger er ei sterk merkevare når det gjeld fjordturisme. Folk frå heile verda kjem for å sjå det frodige og høgreiste landskapet som rammar inn den vakre fjorden. Kultur og natur går hand i hand. I dette landskapet kan ein finna seg sjølv. Kunsten er å ta vare på det som turistane kjem for å sjå og oppleva, slik at ikkje naturverdiane smuldrar bort bit for bit. Dette er minst like viktig for oss som bur her.