Flaum i Steinsdalen

I slutten av oktober førte store nedbørsmengder til flaum, jordras, vegstenging og rundballar i fri flyt i Kvam. Steinsdalen, vanlegvis eit ope dalføre med mykje dyrka mark, vart omforma til ein innsjø. Bøndene kjempa hardt for å berga rundballar som flaut med straumen med kurs for Hardangerfjorden. Ein del forsvann til sjøs, men det meste vart berga.

Publisert i Hordaland Folkeblad 31.10.14