Info

LARS ARVID OMA

Bur i Øystese i Hardanger. Arbeider som journalist og fotograf i Hordaland Folkeblad, og som informasjonsmedarbeider på Framnes KVGS. Han har levert reportasjer og fotografi til ei lang rekkje aviser og tidsskrift: Harstad Tidende, Nationen, Dagens Næringsliv, Fiskeribladet/Fiskaren, VG og fleire andre.

Fotografen deler arbeidet inn i tre hovudkategoriar: «Fotodokumentar», «Natur og miljø» og «Folk». Dette inneber fotografering i vid forstand. Han er oppteken av den dokumentariske krafta i fotografiet, og brukar fotojournalistikken som eit uttrykk også i bryllups-, portrett- og familiefotografering.